© 2018  - Helsesonen

KLASSISK MASSASJE

Klassisk massasje er ein terapeutisk og djuptgåande massasje, med formål om å auke sirkulasjonen i muskulatur og bindevev slik at spenninger og myoser, som på folkemunne blir kalla «muskelknuter» kan sleppe opp.

 

Betre sirkulasjon i vevet gjer betre næringstilførsel og hydrering til muskler, sener  og bindevel og bidreg til å transportere bort avfallsstoff.

Massasjen består av ei mengd ulike muskel- og bindevevsteknikkar som vert tilpassa den enkelte sitt behov, deriblant strykninger, knading, petrissage og triggerpunktsbehandling.

 

Det kan kjennes litt ømt og «godtvondt» dersom ein jobber med områder som er spent, men behandlingen vil vere behageleg og gje velvære.